Presentasjon av barne/ungdomsboka "Pitbull-Terje blir ond".
Boka Pitbull-Terje er skrevet av Endre Lund Eriksen. Han er født i 1977 i Bodø, men bur nå i Tromsø. Han skriv bøker for barn, ungdom og vaksne. Han debuterte i 2002 med «Pitbull-Terje går amok». Denne boka har også blitt filmatisert i 2005. Endre har vorti forfattar på heiltid frå hausten 2002. Han reiser nå mykje rundt på skular og fortel om skriving og lesing, og held også skrivekurs (Eriksen, u.å.).
Boka «Pitbull-Terje blir ond» handlar om Pitbull-Terje og venen hans Jim. Pitbull-Terje begynner å dra på klubben, drikke, gjere innbrot og henge mye saman med Ben-Ronny. Jim likar ikkje dette. Han prøver alt han kan for å få Pitbull-Terje ut av det dårlege miljøet. Han prøver blant anna å lokke med jenter, men Ben-Ronny er meir spennande. I boka ser ein det sterke vennskapsforholdet Jim og Pitbull-Terje har hatt, men som stadig går gjennom motgangar, og endar i ein pause. Ein kan også sjå det dårlege forholdet mellom far og son. Torstein, far til Pitbull-Terje har sagt at han skulle dra på avrusing, mens han eigentleg er på sydentur, men dette har Pitbull-Terje fått med seg. Vi kan også sjå det gode forholdet mellom mor og son. Jim ville nemleg gjort kva som helst for mora, og det er nettopp dette som blir avgjørande for at Jim bestemmer seg for at han vil ha ein pause frå Pitbull-Terje i slutten av boka. Boka er skrevet i kronologisk rekkefølgje og eg-personen er Jim, venen til Pitbull-Terje. Det at Jim er eg-personen gjer at ein får godt innsyn i korleis det er å vere ven til noen som kjem opp i ungdomsproblem og ikkje er snill med deg lengre. Boka tar for seg tema som ungdomsproblem, familie og vener. Pitbull-Terje får problem som blant anna at han startar å drikke. Venskap står ekstremt høgt i boka då Jim prøvar alt han kan for å få Pitbull-Terje ut av det dårlege miljøet. Sjølv om Pitbull-Terje er slem mot Jim, prøvar Jim fortsatt å hjelpe. Boka er i høgst grad realistisk, då dette er ungdomsproblem den dag i dag. Eg tenkjer at dette er ein god bok å bruke i skulen, og da kanskje spesielt på mellomtrinn og ungdomsskule. Den tar for seg problem som lar seg gjeld, i den fasa av livet som elevane begynner å komme inn i på denne tida. Ein kunne ha brukt denne boka ved at alle elevane skal lese denne boka stille. På denne måta får alle barna lese ein morosam bok, samtidig som ein får inn dette med ungdomsproblem. Ein kan også ha brukt boka på er at ein kunne ha lest den høgt i klassen. Noen klassar bruker blant anna å lese for elevane mens dei spis eller legnande, og då kunne ein brukt denne boka. |
I blant kan ein stoppe opp undervegs(uavhengig om ein tar det som stillelesing eller høgt) og ha ein tekstsamtale. Ein kan også ha samtalar før ein startar, og når ein er heilt ferdig med å les boka. Kverndokken (2012) seier at fleire litteratur pedagogar vektleggar samtalen som den vesentlege tilnærmingsmåten til å handtere opplevingar av tekst. Vi blir klar over kva vi meiner og opplever når vi ytrar det. Reaksjonar frå dei andre vil vidare føre til at eigen oppleving og fortolking av tekstar bli tydeligare for ein. Boka kan også brukast i forhold til skulespel. Det å ta opp desse problema i eit skulespel vil kanskje gjort slik at elevane skjønnar meir, og kanskje handlar etter dette i ettertid også. Ein kan også gjere alle dei punkta eg har peika på ovanfor i ein samla prosess med ulike fasar. Altså ein kan lese boka gjennom det Kverndokken (2012,s.26-27) kallar prosessorientert lesing. Her har ein først ein førlesingsfase kor ein ser på føresida, tenkjer over tittelen og dermed føreseie innhald og kjem med hypotesar. Ein lager ein samtale, kva kan ein og kva vil ein vite meir om. Etter dette går ein inn i ein underveislesingsfase, kor vi, mens vi les, har ulike tankestopp, saman med dei andre eller individuelt, kva har skjedd, kva trur vi kjem til å skje vidare. Det vil gå føre seg ein dialogisk undervisning med meiningsforhandlinger. Elevane les aktivt, og tar eventuelt notater undervegs. Etterlesingsfase, kor ein gjenfortel, lager resyme, svarer på ulike spørsmål. Ein tenkjer over tidligare predikasjonar og forventningar til teksten som ein deretter svekkjer eller stadfesta. Elevane kan ta stilling til teksten, si si eiga meining, kommentere teksten svake og sterke side. Ein kan også ha ein publiseringfase, kor ein hald frem teksten med lydlege, og visuelle verkemidlar, dramatiserer den eller legnande. Dei som høyrer på kan delta i prosessen med tildelte rollar for tilbakemelding. Kjeldehenvisning: Endre Lund Eriksen (u.å) Om Endre. Lest 16.03.15 på https://lunderiksen.wordpress.com/om-endre/ Kverndokken,K.(2012) 101 måter å lese leseleksa på. Fagbokforlaget: Bergen. |